Størst og minst
Erlend Skjetne

Sissel går i tiande og må finne ut kva line ho vil velje på vidaregåande. Så har ho fått tilbod om sommarjobb langt heimanfrå. Men til sommaren fyller søstera hennar, Åshild, atten år. For Åshild tyder ikkje dette fridom og nye rettar; foreldra vil at ho skal flytte inn i ein kommunal bufellesskap. Sissel er uroleg: Kva blir att av familien utan Åshild?

I Størst og minst er storesøstera veslesøster, og veslesøstera storesøster. Men ei søster er ei søster.

Størst og minst

Last ned omslag

Ungdomsbok, 208 sider
Omslagsdesign ved Ellen Lindeberg og Egil Haraldsen | Exil Design 
ISBN 978-82-8288-591-1
Utkommer ultimo august 2024

Erlend Skjetne (f. 1988) skriv bøker for både vaksne og ungdom. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. Same bok vart òg nominert til Kritikerprisen.

Av samme forfatter

Relaterte utgivelser